Onsdag 9. april vart det for første gong arrangert ein rekrutteringskveld i Fjord kommune.

Dei frammøtte fekk god veileding og nyttig informasjon. NTNU Ålesund, Høgskulen i Volda, Borgund VGS (vaksenopplæring) og Sunnmøre opplæringskontor deltok med ministands der dei presenterte sine tilbod og moglegheiter.
Representantane frå dei ulike institusjonane var godt førebudde og delte engasjert av sine erfaringar og kunnskap. Dei frammøtte fekk høve til å stille spørsmål og fekk informasjon om ulike utdanningsvegar og karrieremoglegheiter.

Fjord kommune stilte med personalsjef, kommunalsjef helse, omsorg og velferd og kommunalsjef oppvekst, kultur og flyktning. Dei ga ei enkel orientering, og var tilgjengelege for å svare på spørsmål knytt til arbeid i kommunen. Det var servert pizza til alle som deltok og Fjord kommune ser fram til å arrangere fleire slike kveldar i framtida for å støtte opp om utdanning og rekruttering i kommunen.
Har du spørsmål om utdanning til stillingar i kommunen, så hjelper vi deg vidare. Ta kontak med personalsjef Marius Moe på telefon 418 67 816, eller epost marius.andre.moe@fjord.kommune.no.
NB: Søknadsfrist for samordna opptak er 15. april.
Publisert 11.04.2025 07.45