Rydd ein fjord i Fjord!

Sunnmøre friluftsråd tildeler motivasjonsmidlar til lag og organisasjonar som vil rydde i fjøra. Bidra til miljøet ved å rydde ei fjøre samtidig som du tenar pengar til laget ditt!

Søk midlar hos Sunnmøre friluftsråd

Sunnmøre Friluftsråd deler ut midlar til lag og organisasjonar som vil ut å rydde i fjøra. Vi hjelper deg med å finne ein stad å rydde, deler ut utstyr som hanskar og sekkar, og informerer om rydding av marint søppel.

Tldeling: kr 7 500,- per organisasjon.
Det er begrensa med midlar, så førstemann til mølla-prinsippet gjeld.
Tilskotsordninga er finansiert gjennom Handelens miljøfond.

Vilkår

  • det må vere eit registrert lag/organisasjon med eit organisasjonsnummer. 
  • Ryddeaksjonen må arrangerast i eit avtalt område, med ei lengd på minst to timar.
     

Les meir og søk midlar på Sunnmøre friluftsråd si nettside

 

Fjord, fjell, rydehanskar, plastsekk - Klikk for stort bileteRydd ein fjord! Fjord kommune