Skredfarekartlegging for Stordal

Med bakgrunn i økonomisk støtte frå NVE har Fjord kommune leigd inn geologar frå Asplan Viak til å kartlegge skredfaren i hovuddalføret i Stordal sommaren 2024. Feltarbeidet til Asplan Viak er planlagt gjennomført 27.-29. juni. 

Kva er målet med kartlegginga

Kartlegginga skal munne ut i eit skredfarekart som vil kunne nyttast som dokumentasjon på tilstrekkeleg tryggleik mot skred i framtidige byggesaker. I mange tilfelle vil denne kartlegginga forenkle byggesaksprosessen når skredfaren er dokumentert. Det vil og kunne bidra til å få oversikt over bygg som i dag kan ligge utsett til for skred.

Målet er at kunnskapen frå kartlegginga er tilgjengeleg i løpet året.

Kart over område for skredfarekartlegging

Ta kontakt

Asplan Viak vil gjerne komme i kontakt med personar som har lokalkunnskap om skredhistorikken i Stordal. I tilfelle nokon ønskjer å bidra med deira kunnskap om skred i Stordalen ta kontakt med Tonje Eidset i Asplan Viak enten på epost: tonje.eidset@asplanviak.no eller telefon 483 05 305.