Skryt for god sjukepleiardekning

Norsk Sykepleierforbund gir skryt til kommunen for at ein klarer å følgje planlagt turnus.

Gruppebilde av fleire personar - Klikk for stort bileteGodt samspel gir godt resultat

Norsk sjukepleiarforbund gjennomfører årleg undersøking på planlagt og faktisk bemanning i veke 10, 11 og 12. I snitt blir kvar femte sjukepleiarvakt fyllt opp med ufaglærte eller står tomme.  For andre år på rad er Fjord kommune best i fylkeskartlegginga.

Les heile artikkelen på www.sykepleien.no

Godt samspel mellom leiing, tillitsvalte og tilsette ligg i botnen. Dette er ein viktig føresetnad for å lykkast med det store og viktige arbeidet som no er i gang der tenestetilbodet må tilpassast for å møte framtidige utfordringar. 

Tre damer som smiler mot kamera - Klikk for stort bileteSkjermklipp frå sykepleien.no. F.v Katrine H. Busengdal, Turid E. Løvoll og Emma G. Ytterdal