Søk Stikk UT! Stifond

Trengs det utbetring på ein sti med stor slitasje? Det er framleis att midlar i stifondet. Søknadane gjeld for stiar som er, har vore eller er tenkt skal bli Stikk UT!-turmål.

Stifondet

dekorativ - Klikk for stort bilete

Stifondet skal brukast til «førstehjelp» til Stikk UT!-stiar med stor slitasje. Sparebanken Møre har også i 2026 tildelt Stikk UT! midlar til utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som er, har vore eller skal bli Stikk UT!-turmål. Fondet er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og dei to friluftsråda i fylket. 

Søk om midlar

fjell, skodde, grønt blått, ein person i raude kle - Klikk for stort bilete

Lag, foreiningar, stiftingar, grunneigarar og frivillige kan søke om opptil kr 15.000 pr. tiltak. 

Tiltak som kan kome i gang og gjennomførast raskt vil bli prioritert. Det er ønkje om berekraftige løysingar som gir minst mogleg inngrep i naturen. Midlane kan gå til enkel klopping, grusing og steinsetting, omlegging av sti for å unngå våte parti og bruk eller leige av utstyr.

Det er utdeling fortløpande så lenge det er midlar på fondet.

Lenke

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
Telefon 90 94 93 58
portrett - Klikk for stort bilete
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
Telefon 41 86 78 06