Sommarferie i barnehagane

Bilde av kake - Klikk for stort bilete

 

Barnehagane tek snart sommarferie, og takkar for eit fint barnehageår.

Sommarhelsinga kjem frå Dalsbygda barnehage som feira 30-års jubileum i år. Dette vart markert på sommarfesten som vart arrangert i lag med foreldra i juni. Det var ein kjekk dag med stort oppmøte, og Gaute Gneis dukka opp for å gratulere og gi borna gåver.

Utkledd person i lag med born - Klikk for stort bilete