Sommarglede på fjellet

DNT Sunnmøre inviterer familiar til spennande sommardagar på fjellet. Dette er eit tilbod til dei som elles ikkje får oppleve slikt på grunn av sosiale eller økonomiske årsaker. 

DNT Sunnmøre tilbyr opphald på Reindalseter turisthytte eller på DNT-hytta på Kaldhusseter.

Tilbodet gjeld for 2-4 dagar i veke 27-33 og inkluderer overntting og måltid. 
Alle er velkomne til å søke plass, tildeling fortløpande.

Les meir om hyttene, kriterier for å søke og søknadsprosessen på DNT Sunnmøre si netttside.