Sommarles startar no!

Startskotet for årets Sommarles er 1. juni. Sommarles er ein digital lesekampanje for alle som skal starte i 1. klasse og oppover til og med 7. klasse. 

Bli med på ein spennande lesesommar fylt med bøker, aktivitetar og premiar!

Går du i 1. - 7. klasse?

Då kan du bli med på den kulaste lesekampanjen i Norge!

Lag din eigen profil på sommarles.no og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien. Les bøker og sommarlesforteljinga og få kule premiar. Prøv deg på morsomme leseutfordringar og få boktips!

Superspennande om farlege skurkestrekar

Årets superspennande sommarlesforteljing er “Farlege skurkestrekar", spesialskriven for Sommarles av forfattar Mari Moen Holsve.

Bok eller lydbok

Du kan lese vanlege bøker, e-bøker eller høyre lydbok. Lag konto på Sommarles.no og registrer det du les. Hent kule premiar på biblioteket!

Sommarles.no gjer det gøy å lese! 

Sommarles er heilt gratis og ein fantastisk måte å halde lesegleda ved like gjennom sommaren. Ta med deg ein venn – og bli med på eit eventyr fullt av leseglede! 
Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Lesekampanjen varer frå 1. juni til 31. august, og etterpå blir det avslutningsfest på biblioteket!

Spørsmål?

Har du spørsmål? treng du boktips? Ta gjerne kontakt med oss på biblioteket. Her kan du også hente premiane dine.
 

Iryna Kutsa
Fjord bibliotek, avdeling Eidsdal og Valldal
E-post
Mobil 41 86 78 32
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
E-post
Telefon 90 52 91 64