Sommarutstillingar

Sommarutstilling i Løsetstova

Det blir sommarutstillingar både i Løsetstova ved Stordal bygdetun og i "barkeriet" ved kaia på Dyrkorn.

Sommarutstilling i Løsetstova

Lottie van Dijk og Sølvi Lill Seljebotn ønskjer velkomen til sommarutstilling i Løsetstova ved Stordal bygdetun. 

Måleri av ein person som sit på ei disse med fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteSommarutstilling i Løsetstova privat

Laurdag 8. juli kl. 13 vert det opning av utstillinga og servering av forfriskningar.

Opningstid

Sommarutstillinga er open 8. - 30. juli. Alle dagar kl. 11-17. Gratis inngang.

"Show and tell"

"Show and tell" - visning og forklaring av teknikkar
Fredagane 14. 21. og 28. juli  kl. 11-18

Pressemelding om sommarutstilling i Løsetstova (DOCX, 15 kB)

 

 

Med hjarte for arven - utstilling om Storfjordens Venner

Eit gammalt vindu pynta med markblomster og trefigurar. Ute er flagget heist og det er utsikt til fjord og fjell. - Klikk for stort bileteUtsikt frå stoveglaset på Ytste Skotet

Utstilling om Storfjordens Venner sitt arbeid vert vist i "barkeriet" ved kaia på Dyrkorn, rett ved Devoldutsalet.

Utstillinga opnar 14. juli og er open kvar dag kl 10-18. Gratis inngang.

Ytste Skotet

Storfjordens Venner eig fjellgarden Ytste Skotet, som ligg rett over fjorden for Dyrkorn. Ytste Skotet er open for besøk i sommar.

Les meir om besøk på Ytste Skotet og Storfjordens Venner sitt arbeid for fjord- og fjellgardane på denne lenka.