Stikk UT! vinter startar no

1. desember startar ein ny vintersesong for Stikk UT! Du kan velje mellom fotturar og skiturar både i Fjord og i andre kommunar. Dette markerer også starten på Friluftslivets år 2025.

Stikk ut og opplev vinterlyset

Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold til fine fotturar og god gli i skiløypene. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarlige for Stikk UT!

Stikk UT! er gratis og ope for alle! 

Vinn premiar til Ski-VM

26. februar til 9.mars 2025 er det Ski-VM i Trondheim. I samband med det køyrer vi kampanjen «Stikk UT! Ski til Ski-VM i Trondheim» der deltakarane som registrerer minst 10 skiturar innan 1. februar kan vinne billettar til VM. I starten på februar blir tre vinnarar trekt ut og får to billettar kvar til Ski-VM.

Trakkemaskinene er klare!

Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets. I årets vintersesong kan ein velge mellom 154 flotte ski-turmål, der dei fleste har oppkøyrde spor til postane rundt om i skiløypene. Nokre skiturar går delvis og utanfor løypenett, og eignar seg betre for fjellski eller randonee-ski.

Stikk UT! i Fjord

Ein skiløpar i vinterlandskap med snødekte marker og skog, skiløype, sol og høge fjell. - Klikk for stort bileteVinter i Fjord Bjørnar Midtbust

Det er totalt 16 vinterturmål i Fjord, åtte fotturar og åtte skiturar. 

Vinterfotturar

Bakkegjerdet frå Eidsdal skule, Bedringens veg i Valldal, Elvaforbygninga i Stordal, Kvilet frå grendahuset, Litleåsskagen - liten rundtur, Moloen i Stordal, Olavsvegen i Syltemoa, Rongane frå Eidsdal sentrum, 

Skiturar

Bakken før Jolbotn,  Eidsheia på ski, Fremste Haumyra, lysløypa i Hauane, Løvoll, Gapahuken ved Fokhaugstova, Grønningsæter skiløype, Omnos lysløype, Valldal stadion, Rellingsetra i Norddal, Storvasshytta frå Overøye

Feiring av Friluftslivets år 2025

Friluftsråda inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgande veke. Ta gjerne turen til ein gapahuk til fots eller på ski og tenn bål saman med turvener i veke 3. Mange Stikk UT!-turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der ein kan fyre opp bål. 
– Hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt, og det er koseleg å sitje saman med turvenner å nyte bålet og vinterlandskapet. Men ta omsyn til naturen og etterlat den like fin som før, seier Ellingsæter.

Lenker

Les meir om registrering og få turtips for vinteren på stikkut.no

Friluftslivets år 2025 skal markerast i heile landet

 

Tre personar, glade, fargerike klede, sblå skilt med tekst StikkUT!, fjord og fjell i bakgrunnen  - Klikk for stort bileteLiv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets, Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd. stikkut.no