Stor påmelding til kulturskulen

Kulturskulen har i år hatt knallgod påmelding, og frå hausten av er det behov for heile 102 elevplassar. Det er ein auke på nesten 25 prosent samanlikna med i inneverande år. 

Bilde av fele og piano - Klikk for stort bilete

Mange pianoelevar

I Valldal og Eidsdal vert det frå hausten av 19 pianoelevar. Til saman vert det 28 pianoelevar i i kulturskulen. I Stordal er det i år vore stor påmelding på korpsinstrument, og frå hausten av vert det åtte nye elevar på treblås og messing.

I ei tid der elevtala på skulane går ned, er det utruleg kjekt å ha ei så stor og god påmelding. 

Sommarforestilling

Torsdag 13. juni hadde kulturskulen si faste sommarforestilling, som i år var på Martin Linge-huset. Under forestillinga fekk kulturskulen vist fram størsteparten av undervisningstilboda; alt frå bandet Foxy og musikksprell for dei minste til piano og treblås. Forestillinga vart ein stor suksess der alle elevane fekk vist kva dei har arbeida iherdig med den siste tida. Publikum var også veldressert når det kom til applaus, og alle elevane fekk oppleve trampeklapp. 

Det er utruleg kjekt å kunne samle alle elevane i kulturskulen til ei slik sommarforestilling.
 

Fjord kulturskule ønskjer alle ein god sommar og vel møtt til eit nytt kulturskuleår i august!
 

Thea Marie Ytterdal
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 41 86 78 37