Straks klart for Friluftslivets veke

Bål som brenn i ei grue utandørs. Kaffikjel og ferdigsteikte vafler. - Klikk for stort bileteBålkaffi Kristi Linge Stakkestad

Friluftslivets veke 2023 vert markert 2.-10. september. I Fjord vert dette markert med mellom anna bålkaffi på naturmøteplassen og ordførarens tur. Har du eller organisasjonen din friluftsaktivitetar i denne perioden så meld dei inn.

Friluftslivets veke 2023

I Friluftslivets veke 2.-10- september feirar vi norsk natur og friluftsliv gjennom ei heil veke. Heile Norge er invitert til å bli med ut på tur! Målet er å få fleire ut i naturen, ha det kjekt i lag og skape gode minne.

Veka startar med #nattinaturen laurdag 2. september - der alle blir invitert til å sove ute.

Les meir om friluftslivets veke på deira eiga nettside. 

Friluftslivets veke i Fjord 

I Fjord blir det bålkaffi og markering av "turmat frå andre land-dagen". Det blir også tur med ordføraren til Ruggå. Kanskje får vi til fleire aktivitetar? 

Har du eller organisasjonen din/laget ditt eit arrangement eller ein aktivitet som passar inn så vil vi gjerne at de melder den inn til aktivitetskalenderen vår snarast råd.

Om aktivitetskalenderen i Fjord

Vi ønskjer at alt som skjer i Fjord kommune står på aktivitetskalenderen. Dette gjeld arrangement/aktivitetar som er opne for alle.

Aktivitetskalenderen finn du på framsida på Fjord kommune si heimeside.

Den same kalenderen finn du også på nettsida opplevfjord.no

Slik melder du inn arrangement

Det er to måtar å melde inn arrangement på :

Enten ved å sende e-post til frivilllig@fjord.kommune.no 

eller ved å fylle ut skjema her: Meld inn arrangement (opplevfjord.no)

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06