Synfaring av eigedomar startar no

I samband med innføring av eigedomsskatt vert det no gjennomført synfaring på alle eigedomar i Fjord kommune.

Personar med refleksvest oppstilt utanfor rådhuset - Klikk for stort bilete

 Ansvarleg for takseringa er firmaet ESKAN frå Trondheim.  For å kunne gjennomføre synfaringa raskt og effektivt er det leigd inn ein del prosjektmedarbeidarar lokalt. Desse skal fotografere alle aktuelle bygningar/bygningsmasse og legge inn opplysingar i kommunen sitt datasystem.   

Dei som deltek på takseringa vil ha på seg gule vestar med Fjord kommune sin logo og dei vil ha med seg ID-kort frå kommunen når dei er på oppdrag.