Tafjordulykka

7. april er det 91 år sidan naturkatastrofen som ramma Tafjord og Fjørå. 90-årsmarkeringa i fjor hadde fokus på historie, kulturarv, sikring og beredskap.

Tafjordulykka

Natt til 7. april 1934, var katastrofen eit faktum for dei vesle bygdesamfunna Tafjord og Fjørå.
Eit massivt skred på rundt 3 million kubikk utløyste ein tsunami i fjorden som tok livet av 40 menneske då bølgjer opp til 17 meter høge slo inn over land.
Dette var ei stor tragedie for folket langs fjorden, og ein kan knapt forstå dei øydeleggingane som viste seg då dagslyset kom.

Ordførar, kvinne bautastein - Klikk for stort bileteMarkering av Tafjordulykka 90 år ved bautaen i Tafjord. Ordførar Terese Jemtegård Moen. Fjord kommune

Markering av 90 år

Markeringa i 2024 hadde fokus på historie, kulturarv, sikring og beredskap. Det var open dag på Ville Krefter i Tafjord, markering ved begge bautaane og program på Fredheim i Fjørå. 

Sjå bildeserie frå før og etter Tafjordulykka i 1934.

Filmen frå 90-årsmarkeringa kan du sjå på youtube.