Kommunestyret i Fjord kommune har vedteke å utvide den kommunale eigedomsskatten til å omfatte alle eigedomar i kommunen, jf. kommunestyresak 7/24. Dette har verknad frå og med 1. januar 2025. I den samanheng skal alle eigedomar i Fjord kommune synfarast og takserast som grunnlag for verdifastsetjinga.
Det er no sendt ut informasjon til alle som står registrert som heimelshavar (eigar) av eigedom i Fjord kommune.
Synfaring av bustad-, fritids- og landbrukseigedomar
Alle eigedomar skal synfarast utvendig. Dei som ser på eigedomen vil sjekke fakta som er registrert i matrikkelen, eventuelt måle opp bygg utvendig og registrere manglande opplysningar. I tillegg vil dei ta bilete av bygg og dokumentere tilhøve som påverkar verdifastsetjinga. Dei som ser på eigedomen, vil ha på seg gule vestar og legitimere seg med ID-kort. Eigar treng ikkje vere til stades under synfaringa.
Synfaring av næringseigedomar
Næringseigedom er ein samansett type eigedomar som i mange tilfelle krev innvendig synfaring for å finne rett arealbruk og tilstand på bygg. For å fastsetje verdi på næringseigedomar brukar vi fakta om eigedomen og leigeprisar på ulike typar areal, kombinert med vurderingar på og omkring eigedomen. For enkelte næringseigedomar kan det også vere føremålstenleg å bruke andre prinsipp for verdifastsetjing. Det er fint om eigar eller eigarrepresentant er til stades på dagtid når synfaringa vert gjennomført.
Kven gjennomfører synfaringa
Fjord kommune har engasjert firmaet ESKAN AS til arbeidet med synfaring og taksering av eigedomar. Det er dette firmaet som vil svare på spørsmål på telefon.
Retningslinjer for taksering
Kommunestyret i Fjord har valt medlemmar til eigedomsskattetakstnemnd og klagenemnd for eigedomsskatt. Det er eigedomsskattetakstnemnda som har fått ansvaret for takseringsarbeidet, og som fastset grunnlaget for eigedomsskatt på eigedomen. Som eit hjelpemiddel til synfaringa og den påfølgjande takseringa vil det bli utarbeida eigne takseringsreglar. Dokumentet vert tilgjengeleg på kommunen si nettside når det vert endeleg vedteke.
Tidsplan
Synfaring: september - november 2024
Offentleg ettersyn: innan 1. mars 2025
Takst og utrekna eigedomsskatt for 2025 vert lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars 2025. Du vil få tilsendt informasjon om taksten på eigedomen din og eigedomsskatten du skal betale. Du får også informasjon om høve til å klage.
Dersom du har fleire spørsmål, kan du ta kontakt med oss
E-post: post@fjord.kommune.no
Telefon: 941 49 827 (ESKAN AS) NB! Det er telefontid kl. 09-11 og kl. 12-14 på kvardagar i perioden 12.-23. august.
Postadresse: Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal
Merk alle skriftlege førespurnadar med
Eigedomsskatt, namn, telefon (for kontakt på dagtid), gards- og bruksnummer og eventuell vegadresse
Ord og uttrykk, spørsmål og svar om eigedomsskatt finn du på nettsida eskatt.no