Test av Nødvarsel

Onsdag 8. januar kl 12 vert Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge testa i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Varslingsprøva den 8. januar vert gjennomført over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.

Ei så omfattende varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange telefonar/smartklokker vil spele av lyd samtidig. Del difor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Meir informasjon om varslingsprøva er publisert på nødvarsel.no.