Tiltaka gjeld for samarbeidskommunane Ålesund, Giske, Sula, Haram og Fjord, og vil bli tekne i bruk frå tidlegast 11. mai. Kommunane vil bruke noko ulik tid på å klargjere einingane
Meir vern for dei yngste elevane
Kommunane innfører eit felles opplegg for sikring av digitale einingar (nettbrett og PC) i grunnskulen.
1.–2. trinn
Ingen generell tilgang til nettlesar. Elevane får tilgang til utvalde, førehandsgodkjende appar og nettstader.
3.–7. trinn
Alderstilpassa filtrering kombinert med påtvinga sikkert søk.
8.–10. trinn
Alderstilpassa filtrering.
Med dette oppsettet kan einingane takast med heim på alle trinn.
Målet er å redusere risikoen for at dei yngste elevane blir eksponerte for skadeleg eller ueigna innhald, samstundes som skulane framleis kan nytte relevante digitale læringsressursar i undervisninga.
Skal gi tryggleik utan å svekke læringa
Bakgrunnen for tryggingstiltaka er nasjonale forventningar om at elevane sine digitale einingar og skulenettverket skal vere godt sikra. Kommunane i eKommune Sunnmøre har difor gjennomført tekniske, juridiske og pedagogiske vurderingar av korleis dette best kan løysast.
– Vi skal sørgje for at elevane har ein trygg digital skulekvardag. Samstundes må løysingane fungere i undervisninga og vere mogleg å forvalte over tid, seier dagleg leiar i eKommune Sunnmøre, Kristin Alvestad.
Kommunane meiner at løysinga gir høgt vern mot skadeleg innhald, og at tryggleiken no blir styrkt ytterlegare for dei yngste elevane.
– Vi har valt ei løysing som gir fleire lag med vern, og som samstundes er mogleg å forvalte og vidareutvikle over tid, seier Alvestad.
Fleire tryggingstiltak verkar saman
Kommunane nyttar fleire lag med trygging for å verne elevane på nett. Løysinga byggjer mellom anna på filtrering av uønskt innhald, blokkering av ukjende eller uklassifiserte nettstader, bruk av Kripos-lista, alderstilpassa innstillingar og teknisk sikring av einingane.
Tryggleikspartnaren vår har gjennomført testing for å undersøke om tryggleiksløysinga kan omgjerast eller slåast av på eleveiningane. Testane stadfestar at løysinga er robust slik ho er sett opp.
Kvifor kommunane ikkje vel reine tillat-lister for alle
Kunnskapsministeren har tilrådd alderstilpassa filtrering, og omtalar tillat-lister som eit aktuelt tiltak, særleg for barnesteget.
Vår vurdering er at reine tillat-lister kan gi stor risiko for at læringsressursar og undervisningsverktøy ikkje fungerer som dei skal, særleg i moderne digitale læringsmiljø. Derfor er det valt ei løysing med fleire lag av vern, og med ekstra strenge tiltak for dei yngste elevane.
Kommunane i samarbeidet følgjer intensjonen i regjeringa sine tilrådingar om å verne barn mot skadeleg innhald på nett, men nyttar kategori-basert blokkering med alderstilpassa oppsett framfor spesifikke lister over tillatne nettstader.
Samla sett meiner kommunane at elevane er godt verna mot skadeleg innhald med den eksisterande løysinga, men for dei yngste elevane (1.–2. trinn) blir det no lagt til eit ekstra tryggingsnivå ved å fjerne generell tilgang til nettlesar. Berre spesifikke, førehandsgodkjende nettstader og appar vil vere tilgjengelege for desse elevane. Dette har allereie vore i drift i Sula og Haram.
Gradvis innføring
Dei nye tiltaka for dei yngste elevane vil gjelde frå tidlegast 11. mai, men innføringa vil skje gradvis fordi kommunane treng noko ulik tid til å klargjere einingane.