Tømmerprisane har auka siste åra, og skogeigarane vert oppfordra til å vurdere om dei har eigna areal for tømmerskogproduksjon.
Pressemelding – Rekord for arealavkastninga i skogen - Tømmerprisane opp til nominelle toppnivå
Dei siste åra har tømmerprisane auka kraftig og no kan god, lettdriven skogsmark gi rundt 500 kr per dekar i årleg avkastning. Det er betre enn for eksempel jordbrukarane får i arealtilskot for kulturbeite som er 471 kr per dekar. Skurtømmer vert no betalt 900 kr per m3 gran og massevirke 600 kr per m3 gran. Me påpeikar att det fordrar att skogen er hogstmoden.
Oppfordring til skogeigarar
Me vil oppfordre skogeigarane til å sjå over eigedomen for å sjå om det er eigna areal til tømmerskogproduksjon. Me har 7 millionar dekar i Norge som er eigna til tømmerskogproduksjon utan konflikt med naturmangfald, som i dag ikkje er i bruk. Det kan vere krattskog eller gjengroingsareal etc. Stort sett vert ikkje lauvskogen vår driven og den rotnar ned. Det er dårleg for klimarekneskapen i kommunen og dårleg for økonomien til skogeigarane.
Tilskotsordningar
Det er gode tilskotsordningar og skogfondsordning med skattefordelar for skogkultur og me oppmodar om skogeigarane til å ta kontakt for planting og ungskogpleie.
SkogSpørsmål?
Kontakt skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth
Indre Sunnmøre skogbruksdistrikt – Stranda - Sykkylven - Fjord
Publisert 03.09.2024 14.37
Sist endra 08.11.2024 11.42