Trollstigen

Vegen frå Valldal til Trollstigplatået er open, men svingane i Trollstigen er stengt. 

fjell, foss, veg, himmel - Klikk for stort bilete

Møre og Romsdal fylkeskommune som er vegeigar har stengt Trollstigvegen i svingane mellom Trollstigplatået og Isterdalen på grunn av risiko for steinsprang. Dei melder at vegen vil vere stengt ut året.

Vegen frå Valldal til Trollstigplatået er open og kafeen og utsiktspunktet er tilgjengeleg for besøkande. 

Les meir om Møre og Romsdal fylkeskommune sine vurderingar om Trollstigvegen på denne lenka.