TV-aksjonen 2024

Førstkomande søndag 20.oktober skal TV-aksjonen 2024 gå av stabelen. Tv-aksjonen har ei lang, og stolt historie i Norge, og vert både kalla «Verdas største dugnad» og «Årets viktigaste søndagstur».

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorlig sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling.

I Fjord kommune er det kommunestyret med vararepresentantar som gjennomfører innsamlinga rundt i alle bygdene våre, saman med bøsseberarar frå 9. og 10. klasse frå ValldaI, Stordal og Eidsdal skule. Kommunestyret i Fjord har vedteke å bidra med 5 kr per innbyggjar. Følg innsamlinga på tvaksjonen.no.

Ta godt i mot bøsseberarane når dei kjem til deg søndag ettermiddag!

Gruppebilde skuleklasse - Klikk for stort bilete
Gruppebilde skuleklasse - Klikk for stort bilete
Gruppebilde skuleklasse - Klikk for stort bilete