Twin Fjord på Juvet Landskapshotell
Britt Skjong
Samarbeidsprosjektet Twin Fjord inviterte sist veke til verkstad for å teste ut korleis ny digital teknologi kan bidra i lokal samfunnsutvikling.
Dette var den første av tre verkstadar som skal gjennomførast det neste året med kommunen sitt fagmiljø og utvalte innbyggjarar/organisasjonar/bedrifter. Denne gongen handla det mellom anna om korleis organisasjonar, næringsliv, friluftsliv og ferdsel kan utnyttast og forsterkast i Valldal.
Verkstaden vart gjennomført på Juvet landskapshotell og utforska korleis digital teknologi kan gjere det lettare å fremme nye initiativ overfor kommunen. Det vart også sett på korleis ein kan sjå ulike initiativ i samanheng for å skape ei utvikling som kan kome fleire til gode.
Twin Fjord verkstad
Britt Skjong
Twin Fjord verkstad
Britt Skjong
Twin Fjord er eit samarbeid mellom fleire av landets fremste forskningsmiljø innan informasjonsteknologi, økologi, berekraftig utvikling og arealplanlegging, i eit partnarskap med mellom anna Fjord kommune.
Andre partnarar i arbeidet er Fjordhagen, Geirangerfjorden Verdsarv, Stranda kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren, framtidslabben i Ålesund og ulike forskningsinstitusjonar.
Les meir om Twin Fjord her.
Publisert 29.11.2022 13.31