Ukraina sin uavhengighetsdag

Fleire personar i ei trapp - Klikk for stort bilete

I dag, 24. august, er Ukrainas uavhengighetsdag. 24. august 1991 vart landet uavhengig av Sovjetunionen. Vi veit at mange av våre ukrainske innbyggjarar syntest vår 17. mai- feiring med barnetog var ein fin måte å feire nasjonaldagen på.

I Fjord kommune er skulane og barnehagane  oppmoda om å markere Ukrainas frigjeringsdag i dag. 

Som ordførar vil eg gratulere alle ukrainske medborgarar med frigjeringsdagen.

Frå vår eiga historie veit vi at markering av nasjonaldagen  vekkjer streke kjensler når land og folk er utsett for krig og ufridom - slik situasjonen har vore for Ukraina i halvanna år no.

Slava Ukraini!

Helsing Eva Hove
Ordførar

Markering på Valldal skule

Folk samla i halvsirkel - Klikk for stort bilete

Ungdomssteget var samla ute i amfiet saman med elevane frå vaksenopplæringa. Først blei det sagt nokre ord om korleis nasjonaldagen deira blir feira, og litt fakta om landet generelt. Den ukrainske nasjonalsangen blei avspelt, dei vaksne spanderte kaker dei hadde baka og vi spanderte is. Elles er skulen pynta med ukrainske flagg og solsikker som er eit typisk symbol. Det var ei fin markering.

Teikningar på vindu - Klikk for stort bilete To damer med matfat - Klikk for stort bilete