Utkast til frivilligstrategi - kom med innspel
Det er utarbeidd eit første utkast til frivilligstrategi for Fjord kommune. Strategien skal vere eit verktøy for å styrkje samarbeidet mellom kommunen og frivilligheita, og leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og berekraftig lokalsamfunn.
Frivillig innsats er viktig for trivsel, fellesskap og deltaking i kommunen vår. Frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar bidreg med stort engasjement og skaper møteplassar, aktivitetar og tilbod som betyr mykje for mange.
Les utkast til Frivilligstrategi her (PDF, 512 kB)
Vi ønskjer innspel til utkastet før strategien blir ferdigstilt. Både frivillige organisasjonar, innbyggjarar, samarbeidspartnarar og andre interesserte er velkomne til å sende inn sine synspunkt innan 9. juni.
Send innspel til Fjord kommune, Pb. 144, 6211 Valldal, epost: post@fjord.kommune.no.
Publisert 06.05.2026 07.55
Sist endra 06.05.2026 07.56