Utleigebustadar i Fjord

Dekorativ - Klikk for stort bilete

Fjord kommune ønskjer å inngå tildelingsavtale med firma som har til formål å eige, forvalte og leige ut bustadar. Bustadane skal vere eit supplement til kommunen sine eigne utleigebustadar.

Tildelingsavtale

Ein tildelingsavtale gir kommunen rett til å vise bustadsøkjarar til bustadane som er omfatta av avtalen. Bustadeigar inngår deretter leigekontrakt med den enkelte bustadsøkjar.

Ein slik tildelingsavtale:

  • er ein avtale og eit samarbeid mellom kommunen og utleigar
  • gir kommunen tildelingsrett til bustadane i 30 år
  • gir utleigar høve til lån frå Husbanken og eit eingongstilskot til oppføring av bustaden
  • skal nyttast til vanskelegstilte på bustadmarknaden
  • er for utleige til husstandar med ulik grad av behov for oppfølgjing frå kommunen

Bustadane

Fjord kommune har behov for tildeling av bustader med 2-3 rom.
Vurdert behov er 2-4 bustadar i Stordal og 2-4 bustadar i Valldal.

Bustadane skal ha ein kvalitet/standard som tilsvarar nye eigarbustadar.

Finansiering

Det kan søkast om lån og tilskot frå Husbanken til etablering av utleigebustadar med tildelingsavtale gjennom nybygging, ombygging eller ved kjøpsprosjekt. 

Dokumentasjon

Ved val av aktør/ prosjekt vil følgjande bli vektlagt:

  • skildring av utleigeselskapet
  • plan for forvaltning av bebuarar og bumiljø
  • husleigenivå
  • kvalitet- og bustadstandard
  • tidspunkt for ferdigstilling
  • bustadane si geografiske plassering

Tilbydar må sjølv skaffe tomt til byggeprosjektet.

Innhald i tilbodet

Tilbodet må innehalde:
Skildring av utleigeselskapet med firmaattest og skatteattest nyare enn 6 månadar.
Plan, snitt og fasadeteikningar av utleigebygget.
Situasjonsplan.


All innsendt dokumentasjon fra tilbydarane vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Frist

Tilbod skal sendast til Fjord kommune på e-post: post@fjord.kommune.no
Frist: 31.10.2023 
Det er ein førsetnad at tilbodet har ein vedståingsfrist på 90 dagar.

Husbanken

Husbanken har meir informasjon om lån og tilskot til utleigebustader med tildelingsrett,

For meir informasjon

Ta kontakt med Fjord kommune ved kommunedirektør eller kommunalsjef teknisk og næring.

Spørsmål knytt til Husbanken sine finansieringsordningar, kan rettast til seniorrådgiver Birger Jensen i Husbanken på e-post Birger.Jensen@husbanken.no

Bjørn Inge Ruset
Kommunedirektør
E-post
Telefon 92 64 19 26
Trond Alstadsæter
Konst. kommunalsjef teknisk og næring
E-post
Telefon 99 71 12 52