I perioden 01.01.22-31.12.23 er næringsfondet lagt inn i prosjektet Vekst i Fjord. Målet med Vekst i Fjord er å hjelpe verksemder som ønskjer vekst og utvikling m.a. gjennom å hente inn kapital.
Ut 2023 vil derfor søknader som kan svare positivt på eit eller fleire av følgande spørsmål bli prioritert ved vurdering av støtte:
- Er tiltaket det blir søkt støtte til del av ein heilskapeleg utviklingsplan for verksemda? Hvis JA – legg ved verksemda utviklingsplan som syner dette i søknad om støtte.
- Føreligg det eit prospekt/investorpresentasjon for å hente inn kapital/investorar i selskapet? Vil støtte frå næringsfondet bidra til å styrke arbeidet med kapitalinnhenting? I tilfelle, korleis?
- Er verksemda i prosess for å lage prospekt/investorpresentasjon med mål om å hente inn kapital/investorar? Vil støtte frå næringsfondet kunne bidra til å gi nyttige avklaringer som styrker prospektet/investorpresentasjonen? I tilfelle, korleis?
- Vurderer verksemda på sikt å hente inn kapital/investorar for å vekse vidare? Korleis kan støtte frå Næringsfondet hjelpe verksemda i desse vurderingane?
Sak 100/22 i formannskapet: Formannskapet stadfestar tilnærminga for bruken av næringsfondet, slik det kjem fram av rapporten, utan at ein dermed ekskluderar verksemder som har andre faktorar enn kapitalinnhenting som grunnlag for sin søknad.
Publisert 24.11.2022 08.53