Velkomen til den store vaffelfesten

I samband med Frivilligheita sitt år og VÅR veke i Møre og Romsdal, vil vi feire frivilligheita. Fjord kommune inviterer alle frivillige, lag og organisasjoner til vaffelfest under opninga av Stordalscup, fredag 10. juni. Vi får besøk av vaffelekspressen som skaper frivilligheit og omvendt vaffelfest gjennom heile fylket.

2022 er frivilligheita sitt år, og Fjord kommune vil på denne måten vise at vi sett pris på alle frivillige og dei frivillige organisasjonane!

Program for vaffelfesten i Fjord kommune:

17:30
Karnevalstog frå allmenningen i Stordal sentrum og fram til Kirkebø stadion. Stordal hornmusikklag og Stordal skulekorps spelar. Kle deg gjerne ut eller vis fram kva frivillig organisasjon du representerer!
18:00 
Servering av gratis vafler ved frå vaffelekspressen ved Møre og Romsdal Idrettskrets, ordførar Eva Hove m.fl. ved stadion/Stordalshallen.
18:30
A-kamp 5. div. herrer Stordal/Ørskog – Giske
I pausen blir det show med Ørskog Angels (senior og junior) som vant gull og sølv i NM i cheerleading i 2022!
Open grill og kiosksalg

Vaffelfesten 2022 er eit samarbeidsprosjekt mellom:
Fjord kommune og frivilligsentralane i Fjord
Møre og Romsdal idrettskrets
Møre og Romsdal Skikrets
Norsk friidrett Møre og Romsdal
Norges Musikkorpsforbund Nordvest
Møre og Romsdal musikkråd
Nasjonalforeningen for folkehelsen Møre og Romsdal
Romsdal og Nordmøre Speiderkrets