Velkomen til frivilligforum 2022

Frivilligsentralane i Fjord inviterer til frivilligforum på Martin Linge-huset tysdag 1. mars kl 1800. Alle som er interessert i eller driv med frivillig arbeid er velkomne!

Saman får vi til mykje spennande for det gode livet i bygdene våre!

Alle lag og organisasjonar, frivillige, næringsliv og andre interesserte er velkomne til ein kveld med informasjon, samtale og kveldsmat!

Program

  • Velkomen v/ ordførar Eva Hove
  • Frivilligheita sitt år 2022 og Sykkelturen 2022 v/ Anna Lianes, rådgjevar Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Nettsida Opplev Fjord v/Terese J. Moen, Fjordhagen
  • Korleis kan VI markere Frivilligheita sitt år?
  • Kveldsmat 
  • Oppsummering v/ kommunalsjef Charles Tøsse

VEL MØTT!

Invitasjon (PDF, 416 kB)

Grunna smittevern og bestilling av mat, ønskjer vi påmelding innan 28. februar via elektronisk skjema nedanfor.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt.

 

 

 

Frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivilligheita i Fjord kommune.
Frivilligforum vert arrangert kvart år, men på grunn av koronapandemien vart det ikkje gjennomført i 2021. Sist det vart arrangert var i grendasalen i Stordalshallen i oktober 2020. 

 

Frivilligheitsåret 2022

Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06