Velkomen til Generasjonsleikane 2026

Laurdag 30. mai inviterer vi til Generasjonsleikane, ein aktivitetsdag for alle innbyggarar i Fjord der både unge og eldre må spele på lag.

For første gong i Fjord 

Fjord kommune er ein av over 70 kommunar og frivilligsentralar over heile landet som med hjelp frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg skal arrangere Generasjonsleikane i 2026.  Det er betyr leik og moro for alle innbyggjarar, uansett alder! 

Dei første generasjonsleikane i Fjord vert arrangert på Kirkebø stadion i Stordal laurdag 30. mai klokka 12-14. 

Innbyggjarar i alle bygdene er hjarteleg velkomne! 


Arrangementet er i samarbeid med Stordal IL og frivillige. Vi håper det blir ein suksess og at det kan bli eit årleg arrangement som rullerer mellom bygdene i kommunen. 

Møteplass for mangfald og inkludering

Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Norges Frivilligsentraler, gjentek suksessen frå dei fire siste åra, og har invitert kommunane og frivilligsentralane i landet til å arrangere Generasjonsleikane i 2026. 

− Vi er veldig glade for at nettopp Fjord kommune er med. I eit aldersvennleg Noreg skal det vere møteplassar og arenaer der alle generasjonar kan møtast gjennom ulike aktivitetar, fortel Anne Berit Rafoss i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. 

− Ved å leggje til rette for at Generasjonsleikane kan arrangerast i endå fleire norske byar og tettstader, ønskjer vi å bidra til nettopp slike generasjonsmøte. 

Uansett alder og fysisk form

Generasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. 

Aktivitetane er i hovudsak fysiske, men er lagt til rette slik at alle skal kunna delta – uansett fysiske forutsetningar. Laga som deltek skal ha minimum to generasjonar. Det treng på ingen måte å vere eit "familielag". Her kan ein invitere med seg ein god nabo, studievenner eller kollegaer. 

Har du ikkje laget klart, fiksar vi det når du kjem!

ABC for god psykisk helse

Arrangementet er ein del av folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse, der kommunen er ein av fem pilotar i Møre og Romsdal som skal formidle bodskapet om kva grep som skal til for å bygge og styrke livskvaliteten og den psykiske helsa. Dei tre grepa du kan gjere for deg sjølv og andre er:

  • Gjer noko aktivt
  • Gjer noko meiningsfylt
  • Gjer noko i lag med andre

Bygdemiddag for Stordal

Etter Generasjonsleikane blir det invitert til Bygdemiddag i Stordalshallen kl. 14:00-16:00. Her blir det servert brennsnut, kake og kaffi. Dette blir ein møteplass for alle Stordalingar – familiar, nye innbyggjarar og dei som har budd her heile livet. Målet er å skape trivsel, fellesskap og gode møte mellom folk! 

Begge arrangementa er gratis! 

Stor takk til Stordal IL og frivillige er som medarrangør av Generasjonsleikane og til initiativtakarar og frivillige arrangørar av Bygdemiddag!

Kontaktinformasjon

Fjord frivilligsentralar

Bjørg/Stordal frivilligsentral og Kristi/Valldal frivilligsentral

Senteret for eit aldersvennleg Noreg

Anne Berit Rafoss, prosjektleiar, anne.berit.rafoss@helsedir.no 

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06