Velkomen til kulturkafe

Prosjekt Leve heile livet i Fjord inviterer til kulturkafe rundt om i bygdene våre. Det vert forfattarmøte med Halvor Folgerø, besøk av fjordapresten og kinopremiere med Nr. 24. Vel møtt!

Kulturkafe er ope for alle

Prosjekt Leve heile livet i Fjord inviterer til kulturkafe i veke 48. Kulturkafe er gratis og ope for alle. Ta gjerne turen til nabobygda! Det blir enkel servering. Gratis skyss, sjå infomasjon om bestilling nedanfor. Kulturkafe er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet.

Måndag 28. oktober kl. 14: Fjordapresten

«Fjordapresten» Ann Kristin Langeland kjem på besøk og fortel om kvardagen og livet som fjordaprest i Stordal og Sunnylven. Servering av kaffi og noko attåt.
Stad: Eidsdal omsorgsbustad, kjellarstova

ein person med briller og raud jakke - Klikk for stort bileteHalvor Folgerø Llitteraturhus Møre og Romsdal

Onsdag 30. oktober kl. 14: Ferjefolket

 «Ferjefolket» er den nye boka til journalist og forfattar Halvor Folgerø. Møt forfattaren og bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar og få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Servering av vafler og kaffi. 
Stad: Stordal frivilligsentral

Forfattarmøtet vert arrangert i samarbeid med Fjord bibliotek og Litteraturhus Møre og Romsdal

Fredag 1. november kl. 14: Nr. 24 - seniorkino med premierefest

dekorativ - Klikk for stort bilete

Bygdekinoen viser Nr. 24 - filmen om eit av noregshistorias viktigaste og mest unike liv. Dette er historia om Gunnar «Kjakan» Sønsteby som aldri gav opp det utrøyttelege arbeidet sitt for fred og demokrati.

Vi inviterer til premierer fest med raud løpar og enkel servering. Filmen vert vist klokka 15.
Stad: Martin Linge-huset i Valldal

 

Påmelding til kino

NB! Seniorkino er gratis, men vi treng å vite kor mange som kjem. Påmelding på skjema nedanfor eller til Bjørg på telefon 90529164.


Skyss

Har du behov for skyss til/frå kulturkafé, bestiller du direkte til transportør. Transporten er gratis. 

Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210 
Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928 
Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Plakat for kulturkafe oktober 2024 (PDF, 2 MB)

Prosjektet er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet