Vil du vere natteravn?

Vi ønskjer å mobilisere natteravnar i samband med eit arrangement i Valldal 21.-22. juni. Erfaring frå tidlegare viser at dette samlar mange ungdommar som kjem både frå alle bygdelag i kommunen og frå distriktet elles. Kan du bidra?

Kva er ein natteravn?

Natteravnane sitt føremål er å vere til stades som trygge vaksne der ungdom ferdast. Natteravning er basert på stor frivillig innsats frå vaksne som er villige til å gi litt av tida si for ein meiningsfull innsats i lokalmiljøet. Natteravnar går alltid saman i små grupper, aldri åleine. Stordal frivilligsentral har samarbeidsavtale med Natteravnane sentralt. Natteravnane sin hovudsamarbeidspartnar, Tryg Forsikring, bidreg med utstyr, materiell og forsikring av natteravnane.

Korleis fungerer natteravning?

Kjernetida for natteravning er kl. 21:00-01:00, men erfaring viser at ved større arrangement kan det gå lengre tid.  Natteravnane vil ha ein base/oppmøtestad og gå rundt i sentrum i grupper. Det vil vere mat og drikke tilgjengeleg. Det vil bli felles gjennomgang av retningslinjer og plan for kvelden ved oppmøte. Meir informasjon vil bli sendt ut til dei som melder seg som natteravnar. 

Kan du bidra?

21. og 22. juni skal det vere sommarfest på Kulå i Valldal. Erfaring frå tidlegare år har vist at dette samlar mykje folk, også ungdom, frå alle bygdelag i kommunen og elles i distriktet.

Vi ønskjer å mobilisere natteravnar desse to kveldane, som trygge støttespelarar for ungdommane, og vi håper at dei som har lyst og anledning tek kontakt og melder seg som natteravnar. Som natteravn er du med på å skape tryggleik og trivsel i lokalmiljøet, i tillegg er det både kjekt og sosialt!

Det er frivilligsentralane som koordinerer natteravnane i Fjord. Ta kontakt med Bjørg Jacobsen på e-post om du vil melde deg som natteravn, eller har spørsmål.

Lenke

 Meir informasjon om natteravning finn du på nettsida deira natteravn.no 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64