Vinnar av Drømmestipendet
Vi gratulerer Solveig Eide Grønningsæter frå Eidsdal som ein av femti vinnarar av Drømmestipendet 2024.
![Jente som smiler mot kamera - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i94fcd02a-33ef-408b-9a86-4d169beeaac1/w1200/q1687/k102c61a343b2/solveig-e-gronningsater.jpg)
Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og anerkjennelse, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine. Det var 544 unge talent som var nominert til Drømmestipendet 2024.
Solveig Eide Grønningsæter (21) er tidlegare elev i Fjord kulturskule og ho har vore med på mange ulike kulturarrangement i kommunen. I dag er ho student ved Ole Bull Akademiet på Voss, der ho tar ein bachelor i utøvande folkemusikk.
Les meir om Solveig og dei to andre frå Møre og Romsdal som fekk Drømmestipendet 2024.
Publisert 01.02.2024 14.37