Arbeidsverkstad med fokus på plansamanhengar
Kommunestyret, råda og tillitsvalte var samla på Martin Linge-huset 26. september der fokus var kommuneplanen sin samfunnsdel, arealstrategi og framtidig plan for helse, omsorg og velferd.
Fjord kommune sitt tette samarbeid med Statsforvaltar, Fylket og Distriktssenteret er avgjerande for at vi får til gode og faktabaserte samlingar. Samarbeidet er ein del av ei ny satsing der det blir testa ut nye samarbeidsformer med distriktskommunar som har særlege utfordringar. Du kan lese meir om dette på Distriktssenteret si side.
Det var mange nyttige innleiingar før ein gjekk i gruppearbeid. Presentasjonane kan du sjå her (PDF, 9 MB). Administrasjonen fekk med seg innspel tilbake, som må arbeidast med før det kjem tilbake til kommunestyret for behandling.
Vi har fått gode tilbakemeldingar på denne arbeidsforma, og ser at samhandlingsprosessen som vi er inne i med dei eksterne aktørane er viktig og utviklande.
Eit engasjert ungdomsråd kom med mange gode innspel
Publisert 17.10.2024 09.05
Sist endra 17.10.2024 09.05