Kommunen inviterte alle over 65 år ut på middag i Eidsdal, Stordal og Valldal i midten av september. Målsettinga var å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Samstundes var ordførar og kommuneleiinga til stades for å informere om planarbeid og prosessar som er på gang.
Ordførar Terese orienterte om planarbeid og prosessar som er på gang, og oppfordra alle om å engasjere seg når det kjem til høyringsprosessar. Det var delt ut informasjon om dette på borda (PDF, 246 kB).
Kommunedirektør Bjørn Inge orienterte om utfordringsbildet kommunen står over for med ei aldrande befolkning og stram økonomi. Sindre Søvik Erstad, kommunalsjef helse, omsorg og velferd, tok stafettpinnen vidare og orientert om arbeidet som er i gang med å omorganisere teneste og starte arbeidet med ein heilskapleg plan for dette området.
Det kom også eit flott innslag på NRK om middagane - sjå 2,38 minutt ut i sending / innslag 3 “Kommunemiddag for eldre”.
Publisert 04.10.2024 09.37
Sist endra 04.10.2024 10.27