Det var godt oppmøte av lag, organisasjonar og frivillige frå heile Fjord kommune på Frivilligforum på Stordal frivilligsentral måndag 10. mars.

Frivilligforum er ein fast møteplass for frivilligheita i kommunen. Ørskog Angels, Eidsdal musikkorps og Ruggå 4H presenterte sine aktivetar og korleis dei arbeider. Deretter var det informasjon frå Frivilligsentralane om deira arbeid.
Kulturstrategien og planprogrammet for Levekårsplanen var tema, og det kom fleire innspel på korleis vi skal informere og involvere dei frivillige i det vidare arbeidet.
Publisert 11.03.2025 11.50