Samfunnsdelen - møte med næringslivet

I går var ordførar Eva Hove på besøk i Næringsforumet. Det var flest reiselivsbedrifter her. Det var interessant å høyre korleis dei vurderer sesongen som har vore, og ikkje minst kva planar dei arbeider med for komande sesong.

Eva snakka om  Samfunnsdelen av kommuneplanen. Skal vi lykkast i å bevare og vidareutvikle gode lokalsamfunn, er det viktig at alle krefter spelar på lag. Næringslivet spelar ei viktig rolle, og det går også fram av samfunnsdelen av kommuneplanen. Denne planen er utarbeidd på grunnlag  av viktige innspel frå innbyggjarar og næringsaktørar.

På møtet i dag såg vi på område som krev samarbeid mellom kommune og næringsliv. Mellom anna såg vi på samarbeidet om nettsida opplevfjord.no.  Vi er i same båt og der er  når vi trekkjer i lag, vi oppnår mest!  Takk for fint møte!