Workshop med kommunestyret
2. november var kommunestyret samt leiar og nestleiar i ungdomsrådet samla til workshop. Denne kvelden markerte oppstart av arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen for Fjord kommune.
Distriktssenteret og Møre og Romsdal fylkeskommune bidreg med kompetanse i denne prosessen då Fjord kommune er med i eit pilotprosjekt for styrke distriktskommunar i samfunnsutviklingsrolla. Du kan lese meir om dette her.
I forkant av denne samlinga hadde kommunen invitert innbyggjarane til å svare på ei digital spørjeundersøking.
I denne undersøkinga kunne folk seie kva dei likar og ikkje likar med kommunen, og korleis dei ynskjer kommunen skal utvikle seg. Dette ga grunnlag for gode diskusjonar hos politikarane, men også tankar om korleis vi skal arbeide vidare for at dette skal bli ein god og nyttig plan. Kort oppsummering av undersøkinga finn du her.
Kommunen vil legge vekt på å involvere ulike grupper, og håper at vi skal få til ein kommuneplan som folk vi kjenne eigarskap til. Fleire møte og fleire undersøkingar skal gi oss eit godt grunnlag å arbeide utifrå.
Publisert 13.07.2022 14.32