17. mai i Fjord

Norsk flagg som vaiar i vinden. - Klikk for stort bileteNorsk flagg

Velkomen til feiring av nasjonaldagen i bygdene i Fjord kommune. Programmet for dagen finn du her. NB! Det har kome til nokre endringar på grunn av dårlege vermeldingar.
Vi ønskjer alle ein strålande 17. mai! 

Eidsdal

Kl. 13.00 Oppmøte Eidsdal omsorgsbustader
Kl. 13.15 Korpset spelar
Kl. 13.30 17. maitog til skulen
Kl. 14.00 Arrangement på skulen. Korpset spelar.
Tale for dagen ved Robert Bergerud.
Musikalske innslag – Diktlesing
Matsal – pølser – is – kaker og kaffi
Leikar for alle. Rebus / Natursti
Kl. 16.00 Premiering og gjennomgang av rebus

Fjørå

Kl. 15.00 Leikar og aktivitetar ute for store og små.
Samling ved Fredheim. Natursti. Premieutdeling.
Sal av kaker og kaffi.

Norddal

Kl. 11.30 Toget startar frå buda
Kl. 12.00 Korpset spelar frå Dalhusbrua
Kl. 12.30 Toget kjem til Grendahuset – korpset spelar – velkomst
Kl. 12.45 Leiker, rebus, matsal ute og inne
Kl. 16.15 Program

Stordal

NB! På grunn av dårlege værmeldingar for 17. mai vert arrangementet ved Bygdetunet i Stordal flytta til Stordalshallen. 

Kl. 10.30 Oppstilling til barnetoget / folketoget
Kl. 10.45 Salutt. Vi syng fedrelandssongen: Gud signe Noregs land
Toget startar. Stopp ved Stordalstunet
Kl. 11.45 Program ved bygdetunet.
Hornmusikken og skulekorpset spelar ved Løsetstova.
Tale for dagen
Big Valley Voices og barnehagebarn deltek
Sal av brus, is, kaffi og kaker
Kl. 13.00 Gudsteneste i Rosekyrkja ved prestevikar Ann Kristin Langeland
Kl. 13.30 Leikar på Kirkebø stadion/Stordalshallen for born og vaksne
Open kafé , matsal og kaker, kaffi og brus ved skulekorpset
Loddsal ved 17.mai komiteen (trekning om lag kl. 15.00)
Kl. 14.30 Underhaldning.
Song og musikk v/ Big Valley Voices saman med barnehagebarn, hornmusikken og skulekorpset. Dans v/ gammaldansgruppe, og song v/ Daniel Hovde.

Ta med flagg og la hurra-ropa ljome i vår fagre bygd mellom fjord og fjell!

Valldal

NB! Årets 17. maiarrangement i Valldal blir flytta innandørs. Tog går som planlagt, men program og aktivitetar blir på Martin Linge-Huset. Programmet startar så snart folk er på plass etter toget. 

Kl. 10.00 Nedlegging av blomar ved Martin Linge-støtta på Linge
Svein Linge held tale. Maja Sandnes Myklebust spelar
Kl. 11.00 Gudsteneste i Sylte kyrkje
Kl. 11.45 Blomsterseremoni ved krigsgravene Oda Kristine Myklebust held tale. Hornmusikken spelar
Kl. 12.00 Oppstilling til tog utanfor Omsorgsbustaden (VTS). Vi spelar og syng «Ja, vi elsker» før toget går
Kl. 12.45 Aktivitetar ved rådhuset. Kiosksal Leikar for barn og vaksne ved barnehagen
Kl. 13.00 Underhaldning ved småskulen, kulturskulen og korpsa
Tale for dagen ved Bjørn Inge Ruset
Kjerringbering
Musikkinnslag med elevar frå 7. klasse
Betaling med Vipps og kontantar.

Gratulerer med dagen!