Kjellen kjem tilbake!

MOT til 1. mai kan herved meddele den strålande nyheita om at Kjellen kjem tilbake! Han kjem med ferga i 200 km/t, og serverer ny galskap i lag med Tafjord Festproduksjon 30. april. Kjem du?

MOT til 1. mai

MOT Fjord inviterer også i år til eit rusfritt arrangement onsdag 30. april. Arrangementet er for ungdom frå 8. klasse opp til 20 år som bur i Fjord og i nabokommunane. Gratis inngang og gratis skyss. Bli med - dette blir gøy! Sprei ordet og få med alle ungdommane våre!

Kjellen og Tafjord Festproduksjon

Kjellen meddeler at han kjem med ferga i 200 km/t, og serverer ny galskap. Det vert konkurransar - og ikkje minst premiar! Tafjord Festproduksjon vil også entre scena med høg allsongfaktor! Her er det berre å sette av datoen og gle seg, du kan ikkje gå glipp av dette!

Når og kvar?

mann, mikrofon, solbriller,  - Klikk for stort bileteKjellen Kjellen
  • Dato: 30. april 
  • Tid: klokka 19:30-24.00
  • Stad: Martin Linge-huset i Valldal

Program

  • Gratis inngang
  • Open idrettshall
  • Musikk og dans
  • Gratis pizza og frukt
  • Kiosksalg
  • Show med Kjell “Kjellen” Bigset
  • Musikk og alsong ved Tafjord Festproduksjon 

Gratis skyss til arrangementet

Buss frå Best Stordal kl. 18:45, til Liabygda ferjekai kl 19:00, til Linge ferjekai kl 19:15.
Skyss til arrangementet er tilpassa ferje frå Stranda kl. 18:45 og ferje frå Eidsdal kl 19:00.

Gratis skyss heimatt etter arrangementet

  • Buss frå Martin Linge-huset kl. 22:45 til ferje frå Linge kl 23:00 og ferje frå Liabygda kl. 23:15. Bussen går dersom det er påmeldte.
  • Båtskyss til Eidsdal/Norddal kl. 24. Båten går fleire turar etter behov, avhengig av talet påmeldte.
    Båtskyssen er sponsa av Uteguiden/Hofset.
  • Buss frå Martin Linge-huset kl. 24 til Liabygda og Stordal.

NB! Hugs påmelding til skyss!

Påmeldingsskjema til gratis skyss

Har du spørsmål, ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164

Takk

Tusen takk til sponsorane våre som gjer arrangementet mogleg å gjennomføre!

Uteguiden/Hofset, Orkla, Sparebanken Møre, Lions, Gjensidige Indre Sunnmøre

Frivillige vakter

Vi treng vaksne som kan vere vakter og som samtidig får oppleve stemninga på arrangementet. Ta kontakt! (PDF, 273 kB)

dekorativ - Klikk for stort bileteMOT plakat 2025
Maria Dvergsdal
MOT-coach
E-post
Mobil 90 89 36 97
Robin Høiberg Aasen
MOT-coach
E-post
Mobil 41 64 67 69
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64