Kva er lokal fritidskasse

Lokal fritidskasse i Fjord kommune er ei støtteordning for å søke om midlar på ein enkel måte slik at alle barn og unge kan delta i organiserte fritidsaktivitetar. Fritidskassa er oppretta med tilskot frå Bufdir.
Målgruppe
Barn og unge i alderen 6– 19 år.
Kven kan søke?
- Lag og organisasjonar, til dømes idrettslag, korps eller kor.
- Ressurspersonar som arbeider i kommunen eller andre instansar, til dømes helsesjukepleiar, psykisk helse, skule, flyktningtenesta, barnevern og Nav.
Kva kan du søke støtte til?
Støtta kan brukast til faste organiserte fritidsaktivitetar for å dekke:
- Kostnadar til utstyr
- Kostnadar til reise, cup og leir
- Deltakaravgifter i faste, organiserte fritidsaktivitetar
Krav til søkar
Det er den som søker som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå fritidskassen vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje.
Krav til søknaden
Elektronisk søknadsskjema må nyttast. Heile søknadsskjemaet må fyllast ut.
Hugs å legge ved eventuelle fakturaer, kvitteringar eller liknande. Det kan søkast om midlar på førehand og då kan faktura, kvitteringar og liknande ettersendast.
Oppgi kontonummer for utbetaling. Det blir ikkje utbetalt midlar direkte til mottakar, men til den som er søkar.
Hovudregelen er at det ikkje kan søkast støtte til aktivitet som dekker tenester som allereie er pålagde kommunen eller andre offentlege instansar ved lov. Døme på dette er symjeundervisning, avgifter i tilknyting til kulturskulen eller tenester som skal dekkast av Nav.
Det kan ikkje søkast om støtte til aktivitet som stiller krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta.
Søknadsskjema
Søkar må identifisere seg med Minid, BankID eller BankID på mobil.
Etter at søknaden er sendt inn kan du laste ned kvitteringa eller få den tilsendt på e-post. Vi sender svar på søknaden til den digitale postkassa di. Viss du ikkje har digital postkasse så svarar vi via brevpost.
Søknadsfrist
Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla når dei kjem inn og midlane blir fordelt til kassa er tom.
Spørsmål?
Ta kontakt eller send e-post til frivillig@fjord.kommune.no