Stor MOT-aktivitet i Fjord

ungMOTivatorar frå Fjord, frå venstre; Robin (MOT-coach), Hege, Kristina, Martine, Arabi, Heine, Kine, Mia, Jenny og Sigrid

Denne hausten er det stor aktivitet i MOT i Fjord kommune. MOT-coachane Maria og Robin reiser rundt på skulane og har økter for elevane i 8.-10. klasse. MOT i Fjord har også arrangert MOTbakkeløp og ungMOTivatorkurs.

MOTbakkeløp til Mo(t)sætra

Det første MOTbakkeløpet i Fjord vart gjennomført i eit nydeleg haustvêr laurdag 1. oktober. Heile 65 personar tok turen opp til Mosætra i Stordal denne dagen, både i mosjonistklassa og i konkurranseklassa.

Mosjonistane kunne møte fleire eventyrskikkelsar undervegs, som mellom anna Bestemor Skogmus, Askeladden, Bjørnen som sov, Rødhette og kjerringa som hadde satt fast nasen i ein vedstubbe. Dette var veldig spennande for dei minste. Halvvegs i løypa var det ein "bensinstasjon" der det vart delt ut gratis frukt sponsa av helselaget.

På veg opp møtte vi blant anna raudhette (Palma Øvrebust) som var på leiting etter vegen til bestemora si.
Målgang ved Mosætra

I  konkurranseklassa var det Hans Martin Gjedrem som vann herreklassa med tida 15.21. Torjus Vad Kirkebøe vann i klassa «herre under 18» på tida 21.50, og Britt Elin Farstad vann i «kvinne over 18», til tida 22:.40.

På Mosætra var det sal av kaffi og kaker ved pensjonistforeininga og elevar som har valfalget innsats for andre ved Stordal skule. Til slutt var det premiering av konkurranseklassa og loddtrekning blant dei som hadde tatt turen til Mosætra. Premiar og gevinstar til loddtrekning var sponsa av Busengdal Transport, Joker, Coop Prix, Best, Bonett og frivilligsentralen.

Vi sender eit stor takk for innsatsen til både deltakarar og medarrangørar. Dette blir ein fast tradisjon kvar haust framover!

ungMOTivatorkurs

Som ein del av MOT-programmet blir det i kvar 9. klasse valt ut to ungdommar som blir ungMOTivatorar. Desse er utvalt fordi MOT har trua på dei har det lille ekstra som kan bidra til ein betre kvardag for andre.

21. - 22. november var det ungMOTivatorkurs på Martin Linge-huset i Valldal. Fjord kommune arrangerer dette på vegner av MOT Norge. 33 ungdommar frå kommunane Vestnes, Sula, Sykkylven og Fjord deltok saman med MOT-coachar (vaksne) frå alle kommunane. Tema for kurset var mellom anna; caseløysing, kulturbygging, korleis vere ein god rollemodell, presentasjonsteknikk og innøving av MOT-økter.

I samarbeid med MOT-coachane i kommunen skal ungdommane blant anna halde eigne økter for sjuandeklassingane ved sin skule, og arrangere «MOT til å glede-dagen», 23. november. Andre oppgåver for ungMOTivatorane er å hjelpe til med gjennomføring av MOT-arrangement som «MOT til 1.mai» med konsert og aktivitetar på Martin Linge-huset og MOTbakkeløpet i Stordal.

Men den viktigaste oppgåva er at dei skal våge å inkludere dei som er utanfor og slik vere viktige bidragsytarar for å skape eit godt miljø på sin skule og elles i samfunnet rundt seg. Ei stor oppgåve for flinke ungdomar som MOT trur dei kjem til å lukkast godt med!

Heine og Sigrid frå Valldal øver på MOTøkt med Sykkylven og Fjord som publikum.
Synnøve Algrøy Fjelstad frå MOT Norge hadde innhaldet under den fyste dagen av kurset

Les meir om MOT her.