Vel møtt trim for kondisjon, styrke og balanse. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!
Trim for seniorar
Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for seniorar. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Vi møtest ein dag i veka, med oppstart 24. og 25. september.
Det er trimtilbod i Eidsdal, Stordal og Valldal.
Møt opp
Inga påmelding. Både nye deltakarar og dei som har vore med tidlegare er velkomne!
Trimmen er for alle, også for deg som ikkje har trent så mykje før, men som ønskjer å bli litt meir aktiv og som kjenner at det gjer godt for kroppen.
Eit treningstilbod til deg som vi halde deg frisk og sprek
Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vi vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Plakaten kan du sjå her. (PDF, 496 kB)
Tid og stad
Publisert 21.10.2024 15.54