Kulturkafe er ope for alle
Prosjekt Leve heile livet i Fjord inviterer til kulturkafe i veke 48. Kulturkafe er gratis og ope for alle. Ta gjerne turen til nabobygda! Det blir enkel servering. Gratis skyss, sjå infomasjon om bestilling nedanfor. Kulturkafe er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet.
Måndag 28. oktober kl. 14: Fjordapresten
«Fjordapresten» Ann Kristin Langeland kjem på besøk og fortel om kvardagen og livet som fjordaprest i Stordal og Sunnylven. Servering av kaffi og noko attåt.
Stad: Eidsdal omsorgsbustad, kjellarstova
Halvor Folgerø
Llitteraturhus Møre og Romsdal
Onsdag 30. oktober kl. 14: Ferjefolket
«Ferjefolket» er den nye boka til journalist og forfattar Halvor Folgerø. Møt forfattaren og bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar og få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Servering av vafler og kaffi frå kl 14. Foredraget startar kl 15.
Stad: Stordal frivilligsentral
Forfattarmøtet vert arrangert i samarbeid med Fjord bibliotek og Litteraturhus Møre og Romsdal.
Fredag 1. november kl. 14: Nr. 24 - seniorkino med premierefest
Bygdekinoen viser Nr. 24 - filmen om eit av noregshistorias viktigaste og mest unike liv. Dette er historia om Gunnar «Kjakan» Sønsteby som aldri gav opp det utrøyttelege arbeidet sitt for fred og demokrati.
Vi inviterer til premierefest med raud løpar og enkel servering. Filmen vert vist klokka 15.
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Påmelding til kino
NB! Seniorkino er gratis, men vi treng å vite kor mange som kjem. Påmelding på skjema nedanfor eller til Bjørg på telefon 90529164.
Skyss
Har du behov for skyss til/frå kulturkafé, bestiller du direkte til transportør. Transporten er gratis.
Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532
Plakat for kulturkafe oktober 2024 (PDF, 2 MB)
Prosjektet er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet