Då er vi der snart igjen. Årets Bygdafest på Martin Linge-huset nærmar seg. Set av laurdag 1.april, det er då det skjer. Programkomitèen har vore i sving sidan i haust, og har mykje spanande på lur.
Førehandssal av billettar på Sylteormen Bakeri frå fredag 24.mars, du betaler kontant eller med vipps. Avgrensa med billettar til program/mat. Dans med Hornmusikken og Zephyr.
Prisar:
Program/mat/dans kr 400
Dans kr 250
Aldersgrense 15 år. Husk legitimasjon!
Publisert 10.03.2023 11.26