Dialogmøte om sals- og skjenkeløyve

Fjord kommune inviterer løyvehavarane til eit dialogmøte med fokus på ansvarleg vertskap og ansvarleg sal. 

Stad: Kultursalen, Martin Linge-huset i Valldal
Tid: måndag 17. april kl. 12-15

Vi viser til Ruspolitisk handlingsplan 2021-2024, kapittel 6. Tiltak, og inviterer spesielt løyvehavarane og dei som er vara for løyvehavarane, men andre frå bedrifta kan også gjerne møte.
Det er sendt ut invitasjon til alle som har sals- og skjenkeløyve i Fjord.

Tema for møtet

  • Velkomen ved ordførar Eva Hove
  • Kva er ansvarleg vertskap? – innleiing ved Paul Gabor, KORUS Midt
  • Utelivet og ungdomsmiljøet i Fjord – ved Ingrid Korsnes Hildre, politiet
  • Brannsikkerheit og internkontroll – ved Inge Teigen/Oddbjørn Nilsen, Stranda og Fjord brann og redning
  • Om sal- og skjenkekontroll – ved Magne Olav Strømme, Securitas
  • Alkohollova – ved jurist
  • Tid til spørsmål


Kurs Ansvarleg vertskap

Ifølgje Ruspolitisk handlingsplan pliktar løyvehavarane å gjennomføre kurs om ansvarleg vertskap innan eitt år etter løyvetildeling. Vi ber difor om at bedriftene gjennomfører e-læringskurset Ansvarleg vertskap før møtet.

De finn lenka her: Ansvarlig alkoholhåndtering - Helsedirektoratet

 

Påmelding til dialogmøtet

Vi ber om påmelding innan 13. april.

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06