Trim for alle

Trimmen for deg som vil halde deg frisk og sprek startar opp att 7. og 8. januar. Trim for alle er eit treningstilbod for vaksne med fokus på styrke, balanse og kondisjon. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!

Velkomen til trim for alle

Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for vaksne. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Treninga var tidlegare spesielt retta mot seniorar, men tilbodet er no utvida til å gjelde for alle vaksne.  Vi inviterer spesielt deg som ikkje har trent så mykje før, men som ønskjer å bli litt meir aktiv og som kjenner at det gjer godt for kroppen.

Møt opp

Vi møtest ein dag i veka frå januar til juni. Oppstart for 2025 er i veke 2; tysdag 7. og onsdag 8. januar. 
Inga påmelding. Både nye deltakarar og dei som har vore med tidlegare er velkomne! 
Det er trimtilbod i Eidsdal, Stordal og Valldal.

Tid og stad

Tid og stad for trim for alle våren 2025
Kvar Når Oppstart Instruktør
Martin Linge-huset Tysdag kl. 0930-1030 7. januar Margreta Veiberg
Stordalshallen Tysdag kl. 14-15 Låg intensitet/nybegynnarar 7. januar Annett Karluss
Stordalshallen Tysdag kl. 15-16 Moderat intensitet/ vidarekomne 7. januar Jonas Hesthaug
Eidsdal skule, gymsalen Onsdag kl. 10-11 8. januar Margreta Veiberg
Ball, matte, strikk, trening, gym - Klikk for stort bileteIllustrasjon Pixabay/ArsADAstra


Bli med for å halde deg frisk og sprek

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vil vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre.  Trim for alle - plakat for våren 2025 (PDF, 495 kB)

Annett Karluss
Fysioterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64