Trim for seniorar

Trim for seniorar i Valldal startar opp att 2. april. Trimmen i Stordal går som vanleg. Det er fokus på kondisjon, styrke, balanse og koordinasjon. Gamle og nye deltakarar er velkomne. Bli med!

Trim for seniorar

Fargerikt gymutstyr - Klikk for stort bilete Pixabay/ArsADAstra

Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for seniorar. Trimmen fokuserer på kondisjon, styrke, balanse og koordinasjon. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av fysioterapeut. Vi møtest ein dag i veka.

Valldal

Trim for seniorar startar opp att på Martin Linge-huset 2. april. Ny tid er tysdagar kl. 10-11. Trimmen vert leia av Margreta Veiberg. Dei som har vore med tidlegare og nye deltakarar er velkomne! Det er berre å møte opp. Bruk inngangen ved idrettshallen.

Stordal

Det er trim for seniorar i Stordalshallen kvar tysdag kl 14. og kl. 15 (to grupper). Trimmen vert leia av Else Midtbust. Dei som har vore med tidlegare og nye deltakarar er velkomne!  

 

Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06